Ein stor del av arbeidet til NMS på Nærbø skjer rundt i heimane. Tolv
kvinne- og mannsforeiningar har i ei årrekkje vore knytta til NMS.
Nokre av foreiningane er etablerte i samband med at misjonærar
har reist ut frå lokalmiljøet, andre har vakse og delt seg i fleire
foreiningar. På den måten har fleire vorte engasjert i det verdsvide
misjonsarbeidet som NMS på Nærbø får vera ein del av. Har du og
lyst til å bli med i ei av desse foreiningane, ta berre kontakt med
foreiningsmedlemmet du måtte kjenna eller til kontaktpersonen.
Mange personar som er knytta til NMS, er og sterkt engasjert i kyrkja
sitt arbeid her på Nærbø.
NMS på Nærbø har årleg samlingar for foreiningsmedlemmene
på bedehuset. I tillegg har vi basar om hausten og enkelte torsdagsmøte.
Vi er og medarrangør av felles bibeltimar og andre faste
fellesarrangement som ”Vi syng jula inn”.